Årets eplesesong er i full gang

Doggfrisk, aromatisk og søtsyrleg Raud Aroma er på veg ut i butikkane! Eplet nederst til høgre med «slips».

Her på Telefrukt blir det pakka eple nærmast døgnet rundt; frå 6 om morgonen til nærmare midnatt! Sorteringa foregår på to avanserte pakkemaskiner med storleikssortering og optisk fargesortering. Tidleg neste morgon blir ferdigpakka vare, sendt ut til kundane og vidare ut i butikk samme dag. Til tross for ein heller kjøleg og regnfull sommar, har epla god smakskvalitet med frisk aromatisk og søtsyrleg smak. Ein del av epla har ytre «korkskal» pga . kjøleg ver i samband med blomstringa. Dette er ein kosmetisk skade som ikkje har innverknad på smaken og som viser seg anten som ei stripe frå stilkhola mot begerenden eller som korkskal, meir eller mindre spreidd over overflata på epla. Stripa kallar vi «slips» på fagspråket og så lenge epla ikkje er deformeirte, er det «kult med slips på eple»! Nytt anledningen, no medan frukta er på sitt beste, til å kjøpe og nyte «Telemarksepler»! Frukt som ikkje ser fin nok ut til friskkonsum, blir pressa til eplejuice anten med fruktkjøt («Cevita eplejuice» i Norgesgruppen sine butikkar) eller filtrert eplejuice i Rema 1000 sine butikkar. Dette er eit smakfullt alternativ til anna drikke og passar både som tørstedrikk og som tilbehør til mat. Har du prøvd eplejuice halvblanda med sprudlande mineralvatn? God restitusjonsdrikk etter treningsøkta!

Telefrukt AS
    • Kontaktinformasjon

      Sauheradvegen 111
      3810 Gvarv, Telemark

      Tlf. 35 95 64 64 / 913 93 645
      post@telefrukt.no

      Følg oss