Telemarksepler i butikk

Butikkane bugnar nå over av norske eple.  Sesongen er kort, så skal du sikre deg smaken av ein god, norsk sommar, må du skunde deg! Spør etter Åkerø, Raud Gravenstein, Sunrise og Raud Aroma frå Telemark og et dei i frisk tilstand eller lag eplekake eller epledessert servert med is, krem eller vaniljesaus/-kesam.

Raud Gravenstein frå Telemark er fantastisk stor, søt og aromatisk i år!

Raud Gravenstein frå Telemark er fantastisk stor, søt og aromatisk i år!

Les mer

Gruppebesøk

Telefrukt har besøk av mange ulike grupperingar. Orientering om fruktproduksjonen i Telemark, smaksprøvar av frukt og juice samt omvisning i pakkeriet, står på programmet. Ta kontakt med Svein på tlf. 913 93 645 eller via e-post:svein@telefrukt.no for avtale om besøk. Her er det jordbrukpolitisk avd. i Landbruks- og matdepartementet som er på omvisning.

eple-8-9-sept-2016-027

Les mer

Innhausting

Innhaustinga av eple pågår for fullt ute i frukthagane i Midt-Telemark. Kombinasjonen av dyktige produsentar, godt klima og eit fruktbart jordsmonn, gir den karakteristiske søtsyrlige og aromatiske smaken som «Telemarksepler» er kjent for. Her er landets første (?) halvautomatiske haustemaskin i aksjon under hausting av eplesorten ‘Sunrise’.

haustemaskin-7-sept-2016-034

Les mer

Geografisk beskytta betegnelse

Her får Gunnar Li og Svein Børte som representantar for hhv. Telefrukt Produsentlag SA og Telefrukt AS, overrekt diplom som bevis på at Telemarksepler, Telemarksmoreller og Telemarksplommer er godkjent som geografisk beskytta betegnelse under Matmerk (www.matmerk.no) si merkeordning. Dei samme furktene har også fått Spesialitetsmerke av Matmerk. Overrekkinga skjedde under Dyrsku 2016 av Landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Nina Sundquist frå Matmerk til venstre. Foto: Fransisca Witsø, Matmerk.

telefrukt-bb-2

Les mer

Spesialitetsmerke til Telemarksepler, Telemarksmoreller og Telemarksplommer!

Både Telemarksepler, Telemarksmoreller og Telemarksplommer er nå geografisk beskytta merkenamn og er tildelt Spesialitetsmerke under merkeordninga til Matmerk (www.matmerk.no).

Dette er eit kvalitetsstempel og ein honnør til til rundt 100 aktive fruktprodusentar i Telemark som set si ære i å produsere eit produkt som smakar unikt! Blir marknadsført under logoen «Smak forskjellen» i COOP sine butikkar i 2016! Sjå etter dette merket på etikettane:

matmerk-spesialitetEple 25.08.2016 022

Les mer Ingen kommentarer

Telefrukt AS
    • Kontaktinformasjon

      Sauheradvegen 111
      3810 Gvarv, Telemark

      Tlf. 35 95 64 64 / 913 93 645
      post@telefrukt.no

      Følg oss